Johan Sebastian Welhaven, maleri av Carl Peter Lehmann
Den andre diktaren
Kvifor eg ville ha snakka om Welhaven om eg skulle halde 17. mai-tale.
Stein Lillevolden er framleis ute etter å provosera. Tydelegvis. Dagen før den store norske festdagen dukka ein Lillevolden-kronikk opp i Dagbladet, basert på ein artikkel publisert i den siste utgåva av tidsskriftet Samora. I denne stiller Lillevolden ei diagnose på «den norske utagerende sjåvinismen».
«Selvfedme», skriv Lillevolden, «er en naken-selfie av det Norge som i enhver sammenheng framhever seg som verdens rikeste land, beste og mest vellykkede samfunn, med den beste natur, beste skinasjon, de beste forfattere, beste i alt, selv helt uten å sitere pinlige tidligere statsminister-utsagn». Litt seinare i same tekst følgjer han opp med å seia at den «nasjonale norske kultur er gjennomgående nostalgisk til en tid og et forhold som aldri fantes, noe som fortsatt preger den norske selvinnsikt». Han slengjer på at me har eit uforholdsmessig stort sjølvbilde no i mai.
Novel, som Kristin Clemet feirar eg 17. mai med glede og godt samvit. Som vanleg vil eg nok kjenna litt på nasjonalkjensla når eg ser det lokale 17. mai-toget velta inn på skuleplassen ved barneskulen i min vesle vestlandskommune, eller når tonane av «Ja, vi elsker» eller «Norge i rødt, hvitt og blått» dansar gjennom vårlufta, ei kjensle som kanskje berre vert forstyrra av at heliumballongar fer til vêrs som ei markering av sløseri og forsøpling.
Minervas digitale årsabonnement til kr 999,-
Bestill her
Minervas digitale månedsabonnement til kr 119,- pr mnd,
første to uker kr 1,-
Bestill her
Minervas digitale årsabonnement + tidsskrift til kr 1499,-
Bestill her