BØKER
Al Quaida-soldater i Mali.
www.magharebia.com/Flickr, CC. BY. 2.0
Etter kalifatet
Terrorforskaren Colin P. Clarke kan få rett i eit av sine framtidsscenario: Ei tilnærming mellom dei to nettverka Al Qaida og IS.
At IS sitt kalifat vart etablert var – som Clolin P. Clarke skriv i After the Caliphate – noko av eit anomali. IS var ikkje berre i stand til å skapa ein slags stat, noko som stod sentralt i gruppa sin eigen propaganda, men også til å kombinera store terroråtak utanlands med vellukka konvensjonell krigføring i kjerneområda.
No ventar Clarke at salafijihadismen vil venda attende til fortida si, ei fortid prega av meir oppsplitta og meir desentraliserte grupper, svakt bunde saman av ideologi og av felles målsetnader, som gjerne deltek – slik IS sine umiddelbare forgjengarar også gjorde – i eksisterande borgarkrigar, og der søkjer å skaffa seg sjølv trygge område å operera ut frå.
Clarke diskuterer fleire av områda IS – eller ofte er det nok meir presist å snakka om avleggjarar – allereie er aktive i, som Sinai, Libya og Afghanistan.
Minervas digitale årsabonnement til kr 999,-
Bestill her
Minervas digitale månedsabonnement til kr 119,- pr mnd,
første to uker kr 1,-
Bestill her
Minervas digitale årsabonnement + tidsskrift til kr 1499,-
Bestill her