DEBATT

Under Viktor Orbáns leiing har Ungarn systematisk undergrave pressefridom, svekka domstolane og innsnevra sivilsamfunnet. Dette burde vekke bekymring langt utover Ungarns grenser, skriv Ole Martini.

Kor lenge kan vi tolerere Ungarns autoritære kurs?

Om EU ikkje evnar å handtere situasjonen i Ungarn, risikerer ein at illiberale krefter får fotfeste også i andre medlemsland.

Publisert

Dette er et debattinnlegg. Meningene som fremkommer, er skribentens.

Ungarns parlament har nyleg vedteke ei lov som forbyr Pride-paradar og innfører overvakingsteknologi for å identifisere deltakarar. Dette er eit alvorleg inngrep i grunnleggjande rettar og ein del av ein global trend der autoritære krefter styrkjer grepet. Under Viktor Orbáns leiing har Ungarn systematisk undergrave pressefridom, svekka domstolane og innsnevra sivilsamfunnet. No blir også LHBTI-personars grunnleggjande fridomar angrepne. Dette burde vekke bekymring langt utover Ungarns grenser.

Brot på menneskerettar og EU-retten

Den nye lova bryt med fleire av Ungarns internasjonale forpliktingar. Den europeiske menneskerettskonvensjonen (EMK) vernar ytringsfridom (artikkel 10) og forsamlingsfridom (artikkel 11), og eit generelt forbod mot Pride-paradar utgjer ei uforholdsmessig innskrenking av desse rettane. Vidare fastslår EMK artikkel 14 at ingen skal diskriminerast i utøvinga av rettane sine. Ved å målrette seg mot LHBTI-personar bryt Ungarn dette prinsippet.

EU-retten gir liknande vern. Den europeiske unionens pakt om grunnleggjande rettar fastslår retten til ikkje-diskriminering (artikkel 21), ytringsfridom (artikkel 11) og forsamlingsfridom (artikkel 12). I tillegg strir forbodet mot dei grunnleggjande verdiane EU byggjer på, slik dei er formulerte i Traktaten om Den europeiske unionen (TEU) artikkel 2: respekt for menneskeleg verdigheit, fridom, demokrati, likestilling og rettsstatsprinsipp.

Kva kan EU gjere?

EU har fleire sanksjonsmiddel mot medlemsland som bryt med verdiane i unionen. Økonomiske sanksjonar er eit effektivt verktøy, og EU har allereie halde tilbake milliardbeløp i støtte til Ungarn på grunn av landets svekking av rettsstaten. I tillegg kan EU-kommisjonen setja i gang regelbrotprosedyrar mot Ungarn og leggje saka fram for EU-domstolen, som tidlegare har gitt landet store bøter for brot på felleseuropeiske reglar.

Den mest drastiske sanksjonen EU har til rådvelde er Artikkel 7-prosedyren i TEU, også omtalt som demokratisk “atombombe”. Denne mekanismen kan suspendere Ungarns stemmerett i Rådet, EUs viktigaste avgjerdsorgan. Prosedyren krev likevel eit samrøystes vedtak blant resten av medlemslanda, noko som så langt har vore ei hindring.

EU-parlamentet initierte ein artikkel 7-prosedyre mot Ungarn i 2018 grunna alvorlege brot på EUs grunnleggjande verdiar. Prosessen har likevel stått i stampe, mykje grunna Polens støtte til Ungarn. No har Polen fått ny regjering, og det er på tide at artikkel 7-prosedyren får ny kraft. 

EU må setje hardt mot hardt

EUs eksistensrett kviler på verdiar som demokrati, rettsstat og menneskerettar. Når eit medlemsland systematisk bryt desse prinsippa, kan ikkje unionen stå passiv. Om EU ikkje evnar å handtere situasjonen i Ungarn, risikerer ein at illiberale krefter får fotfeste også i andre medlemsland. Det er derfor på høg tid å setje i gang ein ny, full artikkel 7-prosess mot Ungarn, kombinert med økonomiske og juridiske tiltak. Ein sterk reaksjon frå EU vil ikkje berre vere eit signal til Budapest, men også ein klar beskjed til resten av verda om at Europa ikkje vil tillate at autoritære straumdrag får fritt spelerom.

Noreg står på utsida – dessverre

Sjølv om vi i Noreg engasjerer oss i debatten, har vi liten reell innverknad på EUs avgjerder. For det er til sjuande og sist EU som tek avgjerdene – utan oss. Dette er ei påminning om at demokratiske land med felles verdiar burde stå saman og påverka i fellesskap. Det er synd at Noreg står på sidelinja når framtida til det europeiske demokratiet blir forma.

Powered by Labrador CMS