BØKER

Fra Civitas sommerfest 2024.

Frå sær klubb til «the establishment»

Der Partiet minner meir om ein politisk thriller, er Civitas jubileumsbok meir av ein årsrapport som kunne vore lagt fram for styret – likevel er ho vel verd å lesa.

Publisert

Dette er et debattinnlegg. Meningene som fremkommer, er skribentens.

Ingen skal hevda at forfattaren Pål Mykkeltveit ikkje har gått grundig til verks i sitt arbeid med å dekkja historia til landets første tankesmie. Strukturen i boka gjer kronologisk greie for både dei bakenforliggande strøymingane og historia til Civita, med ein detaljrikdom som til tider blir litt i overkant. Med det sagt kan både vener og fiendar av tankesmia ha nytte av denne detaljerte utgreiinga. Det vera seg om ein vil angripe dei for å vera eit notatinstitutt for rikfolk eller forstå kvifor mange meinte det var behov for eit ideologisk og intellektuelt fellesskap til høgre i norsk politikk. 

20 års-jubileet ble markert med egen bokutgivelse, skrevet av Pål Mykkeltveit.

At dette tendere mot ein årsrapport, om enn over dei 20 siste åra, er heva over ein kvar tvil. Mykkeltveit skriv detaljert om notat, rapportar og bøker. Og gjennomgår også måltal knytt til vedtekne strategidokument. Ein kan mellom anna lesa detaljert statistikk over medieoppslag, rapportnedlastingar og besøkande på Civitas heimeside. Dette blir til tider ofseleg kjedeleg. Det er ein grunn til at det minst interessant dokumentet under eit kvart partis landsmøte er den såkalla beretninga - altså oversikten over kva som har blitt gjort sidan sist. Samtidig gøymer det seg mykje interessant lesing mellom faktaopplysingane om utviklinga av talet på årsverk i tankesmia.

Bør være fornøyd

Det går eit rykte om at Kristin Clemet ein gong har sagt at det einaste alle som jobbar for eller bidreg til Civita har felles, er at dei vil fjerna formueskatten. Mykkeltveit sin grundige gjennomgang av ulike politiske tema som tankesmia har jobba med, gjer at eg meir enn nokon gong er sikker på at dette må vera sant. Civita har engasjert seg i det meste som har rørt seg i norsk politikk dei siste 20 åra – frå debatt om velferd, sjukelønn og arbeidstid til bistand, innvandring og ikkje minst USA. 

Gjennomgangen av desse ulike temaa er den sterkast delen av boka. Forfattaren evnar å oppsummera den politiske konteksten dei ulike notata og prosjekta oppstod i. Konklusjonane er godt gjort greie for, utan at det blir for djuptpløyande. Desse kapitla i boka bør også utgjevar, altså Civita sjølv, vera svært nøgde med. Her vil nok mange finna inspirasjon til vidare lesing av andre tekster, underteikna inkludert. 

100 år gamal tradisjon

Mykkeltveit skriv også grundig og interessant om det ideologiske og historiske opphavet til Civita i bokas første del. Her kan ein lesa om korleis Civita eigentleg er del av ein over 100 år gamal tradisjon som strek seg tilbake til «Kontoret for økonomisk opplysning». Denne historiske gjennomgangen viser både korleis alt og ingenting låg til rette for at tankesmia skulle sjå dagens lys i 2004 (strengt tatt blei Civita skipa hausten 2003). Mange hadde prøvd å skapa ein liknande fellesskap, men alle som ein hadde kollapsa. Samstundes hadde det også vore eit vedvarande ønskje blant næringslivet, reiarar og øvirge borgarleg orienterte, at det skulle koma ei intellektuell kraft som kunne hamla opp med det dei meinte var ei venstrevridd offentligheit. 

Bramfrie haranger

Civita 20 år gjer lesaren både nyfiken og tidvis ganske så søvnig. Likevel klarer Mykkeltveit å letta litt på stemninga og få fram positive rykkingar i munnvika med sine tørre og vittige metakommentarar. Mellom anna i omtalen av Civitas eigen USA-ekspert, Eirik Løkke, og hans «bramfrie haranger mot alt som smakte av sosialdemokrati og kollektivisme» i Studentersamfunnet i Bergen. Dette skal ha skremt Mykkeltveit bort frå høgresida i fleire år. Slik blir mange av dei meir kjedelege, oppramsande passasjane i boka løfta av forfattaren sin gode prosa, men det er ikkje nok til å gjera boka til ein såkalla «page turner». 

Det er dårleg stil av bokmeldarar å skriva om boka dei skulle ønskt dei las, og ikkje den dei har lese. Men i tilfellet Civita 20 år kan eg ikkje lat vera. Med så lang fartstid i toppen av norsk politikk burde det til dømes vore mogleg å driva opp nokre politiske konfliktar internt og via meir plass til desse. Det ville gjort boka meir tabloid, men også meir interessant å lesa. Eit anna døme er Civitas rolle i forbrødring på høgresida har fått oppsiktsvekkande lite plass. Sjølv om alt frå sommarfestar, Jeppe-møte, Civita-akademi og -skule er omtala, er den borgarlege samlinga via berre nokre få sider. For ein venstreradikalar som meg sjølv, men også for det breie publikum, ville meir inngåande analyser frå denne tida vore veldig velkomne.

Verd å lese

Uansett er dette, som nemnt i starten, ei bok det er verd å lese anten du er ein del av det stadig ekspanderande alumninettverket i tankesmia eller høyrer heime til venstre i politikken. Ikkje minst vil det vera mange anekdotar og publikasjonar som kan vera interessante for den «venstrevridde» pressen. Alt i alt bør alle som er interessert i politikk i det minste sjå om dei kan få låna eit eksemplar av boka, om så berre for å lesa deler av ho. For Civitas eigne, som kanskje er meir skeptisk til biblioteka si rolle som sosialistiske fyrtårn, er det alltid mogleg å kjøpa boka til odel og eige.

Powered by Labrador CMS