For å lese pluss-artikler må du være abonnent
Et abonnement gir tilgang til alt innhold og vi har følgende tilbud
DEBATT
1. mars 2024 leverte ekstremismekommisjonen rapporten «Felles innsats mot ekstremisme: Bedre vilkår for det forebyggende arbeidet» (NOU 2024: 3). Rapporten, nå på høyring, handlar om kva ekstremisme og radikalisering er i Norge i dag, og korleis dette kan handterast og forebyggast.
Rapporten er eitt av talrike døme på at den mest grunnleggande inndeling av arten homo sapiens, kjønn, blir erstatta med ein ny, overempirisk storleik, «kjønnsidentitet», som samfunnet blir tvunge til å forholda seg til. I boka Kjønnstru: Kampen om røynda utgjeven hausten 2023, gjev Anne Kalvig ein analyse av korleis me hamna her, og korleis denne religionsliknande tilstanden best kan handterast gjennom å gjenkjenna tru som nettopp tru, med krav på vern som dette, og ikkje som fakta.
Faktisk røynd må i dagens situasjon vika, mann er kvinne viss han seier så, ei trusoppfatning opphøgd til sanning. Denne religionen er såleis meir fundamentalistisk enn nokon annan religion her til lands, for han dikterer kva røynda er i lovverket, og ingen kjem utanom. Det er straffbart å vera kjettar og avvisa trusimperativet. Å erstatta sekulære ordningar med fundamentalistisk religion, er ekstremistisk innan eit sekulært og humanistisk perspektiv. Å erklæra kvinnesakskvinner som forsvarer sekulære og humanistiske verdiar, som ekstremistar, kronar dette fakta-fiksjonsvendingsarbeidet.
Vårt syn er at lovverket må legga ei objektiv forståing av kjønn til grunn i samanhengar der kjønn har juridisk, praktisk eller kulturell relevans. Dette har lenge blitt stempla som både ekstremt og hatefullt av visse grupper. Denne vurderinga blir i aukande grad ukritisk overtatt av offentlege instansar, og etablert som sanning.
Transaktivistar har forsøkt å få oss dømt for hatkriminalitet fleire gonger, når me minner om at kvinner har kjønnsbaserte rettar, funderte i fakta. I ekstremismerapporten lar kommisjonen slike grupper erklæra kvinner som oss som valdelege ekstremistar, utan drøfting eller analyse (NOU 2024: 3, s. 140). Det blir eit sant vitnesbyrd om dei vonde og falne som avviser evangeliet om kjønnsidentitet.
FNs spesialrapportør på vald mot kvinner og jenter, Reem Alsalem, minner til liks med oss om at biologisk kjønn, ikkje kjønnsidentitet, må ligga til grunn i samanhengar der kjønn har relevans. Særleg aktuelt for ekstremismekommisjonen er spesialrapportørens oppgjer med demonisering av kvinner som avviser kjønnstru. I si åtvaring i mai 2023, tar ho opp korleis kvinner i det globale nord blir ekstremiststempla for å snakka om reelle kjønn og kjønnsbaserte rettar.
Med ekstremiststempling av kvinner som protesterer mot kjønnstru, eggar transaktivistar kvarandre opp til å utføra fysisk vald mot kvinner, i tillegg til å jamleg truga kvinner til å vera stille. Denne valden mot kvinner blir, ikkje overraskande, utført av menn, som ofte påstår å vera kvinner. Spesialrapportør Alsalem oppfordrar statar, media og politi til å gjenkjenna ekstremiststemplinga av kvinner som det det er: eit alvorleg angrep på kvinners forsamlings- og organisasjonsrett, og ei form for vald mot kvinner.
Me tok kontakt med ekstremismekommisjonen gjennom kvinneorganisasjonen WDI Norge for å drøfta desse sidene ved ekstremiststempling av kvinner. Men det spegelvende verdsbiletet kommisjonen og offentlegheita navigerer innanfor, prioriterer kjensler og påståtte opplevingar over materiell røynd, på kvinners kostnad.
Kommisjonen avslo såleis å møta oss, og har heller ikkje snakka med ein einaste kvinneorganisasjon. Resultatet er at kommisjonen har utilstrekkeleg omtale av rolla menns vald mot og forakt for kvinner speler i ekstremisme, og i staden åtvarar om ein stikk motsett og absurd situasjon: at kvinner som avviser kjønnstru er ekstremistar og utviser et valdspotensiale.
Menns forakt mot kvinner fører ikkje bare til drap etter drap på kvinner, men er også fellesnemnar for menns radikaliseringsprosessar på tvers av landegrenser, religion og politiske overtydingar.
Ekstremismekommisjonen ser at motstand mot kjønnslikestilling er i kjernen av mange menns ekstremistiske radikaliseringsprosessar, og at det i all hovudsak er menn som blir rekrutterte til og utfører terror. Men kommisjonen identifiserer ikkje kvinner som den største gruppa som er utsett for ekstremistisk terror i form av menns vald.
Her følgjer kommisjonen Likestillings- og diskrimineringsombod (LDO) Hanne Bjurstrøm, og politiet, som i høyringsprosessen ba om at kjønn, og då kvinner, ikkje måtte vera inkludert i straffelova sine endra hatkriminalitets-, diskriminerings- og valdsofferbestemmingar.
Deira syn, om at det då ville bli for mange som ville ha krav på vern i straffelova, var stikk i strid med eksperttilrådinga, der jussprofessor Kjetil M. Larsen (2016) i si utgreiing peika på at kvinner blir utsette for vald og hatefulle handlingar fordi dei er kvinner, og slik er ei utsett gruppe med krav på særskilt vern.
LDO har gong på gong vist seg å sentrera menns kjensler framfor kvinners kjønnsbaserte rettar, i tråd med ei sameina diskrimineringslov, der kulturelle føringar sjølvsagt gjev kvinners diskrimineringsvern vikeplikt. Ikkje minst når ei ny kjønnstru har hjernevaska heile makteliten. Instansar som har i oppgåve å verna kvinner mot diskriminering – samt alle som skal forsvara rasjonalitet og vitskap – må nå gjera jobben sin. Me har sagt i frå i mange år.
Kapittel 9 i NOU’en er kalla «Normalisering av ekstrem diskurs». Det ekstreme som er normalisert, er ikkje at menn er kvinner viss dei seier så, at kjønn er mange, at barn og unge blir oppfordra til å skada sine friske kroppar med medikament som kan gje kreft, og får skore av friske kroppsdelar for å bli «den dei eigentleg er».
Det ekstreme og hatefulle er altså i staden å ta til motmæle mot ideologisk overtaking: Kommisjonen pakkar det inn som «konspirasjonsfortellinger om sårbare eller utsatte grupper eller enkeltpersoner», og etterlyser «demokratisk motstandskraft i befolkningen. Befolkningen må være oppmerksom på desinformasjon og villedende virkelighetsbeskrivelser som (…) er undergravende for demokratiet» (NOU 2024: 3, s. 125).
Dette er statsforordna ekstremisme, der kjønnstru er forbode å avvisa, og utgjer grunnlaget for lover om kva eit menneske er. Fasthalding av objektiv røynd er i denne verda villeiing og demokratiundergraving.
Ekstremismekommisjonens utpeiking av oss som ekstremistar, er kontrafaktisk og illegitim, og kan ikkje danna grunnlag for det vidare lovarbeidet. Lovendringane som har kjønnstru som utgangspunkt, må reverserast tilbake til ei sekulær forståing av kva røynd lova skal regulera.