For å lese pluss-artikler må du være abonnent
Et abonnement gir tilgang til alt innhold og vi har følgende tilbud
DEBATT
Kva ville skjedd om akademikarar, intellektuelle og politisk interesserte tok Asle Toje på ordet og slutta å lese og bry seg om den påstått irrelevante Habermas? Kva om Habermaset tystna?
Særleg to ting ville då kunne forarma dei intellektuelle og akademiske ressursane. Først gjeld det tap av dei skarpaste perspektiva for å studere og forstå korleis offentlegheita fungerer – og bør fungere. Men kvaliteten på den offentlege samtalen er eit nøkkeltema når det gjeld dagens demokratiutfordringar.
For det andre handlar det om å bygge vidare på innsiktene i korleis EU vert meir demokratisk og å halde oppe visjonen om ein internasjonal politisk orden basert på menneskerettar og folkerett. Det er i mørke tider vi treng faklane.
Ifølgje Asle Toje verkar altså Habermas i dag stadig meir irrelevant, som han skriv. I framhaldet, med visittar til Habermas sine bidrag, utdjupar eg dei to hovudgrunnane som gjer at Toje tar feil, slik eg ser det.
I den amerikanske valkampen sist haust indikerte visepresidentkandidaten den gongen, J.D. Vance, at å bruke løgner i valkampen var ein eigna strategi. Spørsmålet var om løgnaktige påstandar var effektive, sa Vance i eit CNN-intervju. Forfall i den offentlege samtalen vil i eitkvart land vere katastrofalt for kvaliteten på demokratiet. Hovudbidraget frå Habermas til den politiske tenkinga og vår forståing av demokratiet er nettopp om korleis den offentlege sfæren verkar og den politiske debatten faktisk går føre seg og måten han bør gå føre seg på.
Framveksten av offentlegheita var temaet i Habermas si første og til dags dato ennå mest selde bok, Borgerlig offentlighet: dens framvekst og forfall (1971 i norsk omsetjing, i 1962 kom originalutgåva). I 2022 gjekk Habermas på ny inn i den same tematikken i ei ny kort bok, på norsk Den nye offentligheten – strukturendring og deliberativ politikk (2023 norsk utgåve), om føresetnadane for og trugsmåla mot den offentlege samtalen under den digitale revolusjonen.
Offentlegheita viser fram styrken til politiske argument og tener som eit bindeledd mellom folk flest og beslutningstakarane. Gjennom nye opplysningar, argument og kritikk som kjem fram på fjernsyn, i radio, aviser og sosiale media skal politikarar som veljarar få meir innsikt i kva som er god og dårleg politikk. Argument vert prøvd, og det lærer vi av. Maktkritikk og gode svar integrerer oss i den demokratiske fellesskapen. I dag er strukturforvandlinga av offentlegheita, som Habermas kritisk tematiserer, ei anna enn i 1962. Den gongen gjaldt det overgangen til ei kommersialisert medieoffentlegheit. Denne tok ikkje godt nok vare på vilkåra som må til, for at folk ved å delta i eller følgje med på diskusjonen i offentlegheita vert styrkte demokratiske medborgarar.
Den nye analysen til Habermas omhandlar konsekvensane som den digitale revolusjonen har for den offentlege samtalen i vår tid. Diagnosen Habermas stiller, har vidfemnande konsekvensar. Ein ting gjeld forfallet i innhaldsmessig kvalitet der algoritmar tar over for redaksjonsstyrte media, og når innslaga av falske nyheiter aukar. Ser vi i amerikansk politikk konturane av ein politisk stil som også kan komme hit? Halvsanne røyndomsskildringar og løgnaktige historier vert brukte som om dei var sanne. Dei som skulle vere førebilete og sikre at fakta vert premiss for debatten, undergrev i staden sanningas status som til dømes då visepresident J.D. Vance samanlikna ytringsfridomen i USA og Europa på ein grovt forteikna måte i München nyleg.
Men omforminga gjeld også medborgarrolla som vert privatisert og tilbaketrekt. Dei kollektive læringsprosessane vert tappa når vi ikkje følgjer den same samtalen, men skriv til lukka smågrupper. Ofte gjer kommunikasjonsmessig støy og usaklege argument at dei som diskuterer, går glipp av fornuftige korreksjonar. Dersom konsekvensen av den digitaliserte revolusjonen vert ein meir fragmentert offentleg samtale, har Habermas rett i at det vi ser, er ei ny strukturforvandling av offentlegheita der kjeldene til demokratisk legitimitet vert uttørka.
Det kan spørjast om det empiriske grunnlaget hans er sterkt nok for den temmeleg kritiske haldninga han legg for dagen med omsyn til den digitale revolusjonen og omforminga av verkemåten til offentlegheita. Til spørsmålet om det er eit forfall og kor ille det er, is the jury still out, slik den svært interessante demokratiteoretikaren Simone Chambers nyleg summerte det opp. Den rike, vide diskusjonen om farane for den offentlege samtalen etter den digitale revolusjonen vitnar i seg sjølv om at offentlegheita vår ennå i høgste grad er levande, peika ho på.
Like fullt har Habermas med den vesle perla av ei bok fornya grunnlaget for ein opplyst kritisk diskusjon av kva som skjer med den offentlege samtalen under ein ny digitalisert røyndom.
Parallelt med dei akademiske bidraga har Habermas også spela ei framskoten rolle i europeisk politikk i kraft av at han sjølv med hud og hår har tatt del i den offentlege samtalen. Ikkje minst gjeld dette utviklinga til EU, der Habermas har insistert på at tettare integrasjon og meir demokrati må til i EU.
Toje refererer posisjonen til Habermas slik: «Løsningen var at europeere bør se seg selv som forent av arven fra den franske revolusjonen som ville finne sin konklusjon i en ny superstatsdannelse, Den europeiske union.» Eg forstår at Toje forenklar for å få fram poeng i ein spissa form, men posisjonen til Habermas vert for karikert. Avgrensinga mot superstaten er jo nettopp ei hovudsak i rekkja av tekstar der Habermas teiknar opp eit vegkart for eit meir demokratisk EU. Det same gjeld framlegga til ein demokratisk arkitektur på den verdspolitiske arenaen der stormakter i dag står opp mot kvarandre, rusta til tennene.
Tre poeng er sentrale for Habermas si tenking om demokratiet når det må krysse landegrensene for å ha styringskraft. Det første kjem godt fram ved at Habermas kontrasterer EU-samarbeidet med korleis USA voks fram. I EU er det alt etablerte demokratiske nasjonalstatar der kvar nasjonale befolkning har demokratisk fridom innanfor nasjonalstatens ramme. Slik var det ikkje på same måte i USA. Sjølv om han meiner EU bør bli meir føderalt, er ikkje føderalstaten eit mål for han. For medborgarane innanfor kvart av EU-landa må ha eit veto mot at eit overnasjonalt EU-nivå skal kunne senke standarden for det som dei enkelte folka i nasjonalstatane alt har oppnådd.
Samstundes er den økonomiske og teknologiske samanfiltringa over landegrensene eit faktum som gjer at også politikken må etablere eit tillegg til nasjonalstaten for å kunne styre. Her kjem den andre viktige Habermas-innsikta inn. Kor mykje politikk nasjonalstaten kan og bør dele i ein felles overnasjonal politikk, heng saman med kor sterk den europeiske fellesskapskjensla er. Når denne er vesentleg svakare enn kjensla av nasjonalstatleg samhald, set det naturlege grenser for politikken. Men eit tredje poeng er viktig å føye til: Habermas identifiserer den naturlege skepsisen mot å overføre for mykje politikk til eit overnasjonalt nivå, ikkje som eit utrykk for fiendskap folk mot folk innanfor Europa, men snarare som ein naturleg og sunn skepsis mot å miste oppnådde gode for medborgarane i nasjonalstatane. Det opnar for ein viktig dynamikk i retning av meir felles politikk. For den europeiske identiteten blir skapt parallelt med felles politikkutvikling. Når ny politikk lukkast, skapar det grunnlaget for meir europeisk fellesskapspolitikk.
Som den viktige EU-historikaren Luuk van Middleaar har sagt det, har EU gått frå ein passiv formalistisk regelbunden politikk som ofte hamna i bakkant på utviklinga, slik som under finanskrisa, til å vere ein hendingsresponsiv institusjon som kan handle når ein pandemi oppstår eller som då Russland gjekk til krig mot eit europeisk land. Der van Middleaar analyserer samtida i lys av fortida, har Habermas vore ein pådrivar for nettopp eit meir handlande og, på det demokratiske feltet, eit meir vågalt EU når det gjeld å sleppe medborgarane til i større grad i rolla som europearar.
Sett i ettertid, vil eg påstå at analysane til Habermas står seg godt. EU er ein lærande organisasjon. Nye politikkfelt som klimapolitikk, energipolitikk, migrasjonspolitikk og ikkje minst utanrikspolitisk koordinering har kome til og EU-parlamentet er styrkt. På ein heilt annan måte enn tidlegare ser vi eit EU som er mottakelege for forventningar blant borgarane i EU-land når noko må gjerast. Ein delt nasjonal og europeisk medborgaridentitet blir til føre auga våre.
I denne kommentaren har eg konsentrert meg om hovudpåstanden frå Toje om at Habermas har tapt mykje av relevansen utan å ta opp alle momenta som Toje elles er inne på. Eg meiner det står noko på spel her. Biletet av ein falma Habermas kan svekkje interessa for tenkinga hans. Dette er noko vi tidvis har sett på universiteta også i seinare år. Habermas har tapt terreng medan fransk postmodernisme som til dømes maktperspektivet til Foucault får setje sitt dulde preg på teorien til mang ei avhandlingskappe.
Vi treng jo det motsette! I ei tid der dei mektigaste politikarane i verda undergrav skiljet mellom sant og falskt og fleire med opne auge undergrev vilkåra for den offentlege samtalen, har nettopp universiteta ei rolle å spele for å føre innsiktene om fornuftsbasert kommunikasjon vidare. Ved universitetet i Stavanger gjer vi vårt, tillèt eg meg å nemne, eit nytt tverrfagleg doktorgradskurs kjem på vårparten der makt, Habermas og kritikarane er tema.
Alt Habermas meiner er ikkje treffande per definisjon, naturlegvis. Men det handlar om å studere motargumenta også, slik Habermas har opplyst oss om, og slik han ofte gjer sjølv.
Arven frå Habermas bør vi føre vidare. Habermas må aktivt bringast inn i vår tid.