DEBATT

Sentralt i Tbilisi, like ved Kura-elva med gamlebyen på motsett side, står den ortodokse Metekhi-kyrkja. Den krigande kong Vakhtang Gorgasali, som grunnla Tbilisi, ruvar på hesten.

Putins klamme tak

Aldri før har Georgia hatt ei regjering som vil gje landet i hendene på Russland», seier menneskerettsaktivist før avgjerande val.

Publisert

Georgia, det utsette landet i Kaukasus, veit kva Vladimir Putins hærmakt er. Russland sende hæren inn i Georgia i 2008. Det var ein krig altfor få i vest brydde seg om, den gongen Putin starta krigersk imperiebygging. Han støtta to utbrytarrepublikkar som berre Putins næraste vener har anerkjent.

Mariam Gavtadze i TDI.

Trass i Putins dokumenterte brutalitet er det mange i Georgia som vil binde seg tettare til Russland som handelspartnar og vegvisar. Regjeringspartiet Georgias Draum er leia av ein oligark som lærte seg både pengar og maktbruk i Russland.

Den 26. oktober er det val. Konfrontasjonen er sterk. Opposisjonen vil ta Georgia mot vest og inn i EU, der Georgia i fjor fekk status som kandidatland. I hovudstaden Tbilisi fekk eg nyleg kjenna på konflikten.

Mariam Gavtadze i demokrati- og menneskerettsinstituttet TDI seier rett ut valet er det mest avgjerande sidan Georgia blei sjølvstendig i 1991 då Sovjetunionen braut saman. I eit intervju fortel ho: «Ja, Russland invaderte oss i 2008. Men Georgia har aldri før hatt ei regjering som vil gje landet i hendene på Russland».

Fri pastor fryktar framtida

Pastor Zaal Theskelashvili leier ei lita, evangelikal kyrkje med 100 medlemmer i Tbilisi. Pastoren gjekk ut i gatene då det før sommaren var store demonstrasjonar mot ei ny lov regjeringa pressa gjennom. Regimet svarte med hardhendt makt.

Lova krev at alle organisasjonar som får meir enn femteparten av inntektene frå kjelder utanfor Georgia, må registrera seg som «utanlandske agentar». Dette er ein kopi av ei lov Putin innførte i Russland i 2012, eigna til å ta nakketak på og stigmatisera eit uavhengig og kritisk sivilsamfunn.

President Salome Zourabichvili omtalte lova som «den russiske lova» då ho la ned veto. Vetoet vart overstyrt av presidenten i nasjonalforsamlinga. Lova blei sett ut i livet 3. juni.

Også kyrkjer og religiøse organisasjonar dekk då 60 dagar på seg til å registrera seg som «utanlandske agentar». Dei må gje frå seg sensitiv informasjon også om medlemmer. Pastor Zaal samanliknar lova med at «staten installerer overvakingskamera i kvart einaste hjørne for å kontrollera det religiøse eller private livet til dei truande». 

Pastor Zaal Tkeshelashvili (t.h.) saman med ekteparet Dea Darsila og Rene Lomas fryktar for framtida til både kyrkja si og landet dersom regjeringspartiet Georgias Draum vinn valet.

Ventar statens press

Mariam Gavtadze i Transparency and Diversity Institute (TDI) seier ho knapt kan førestilla seg kva press det vil bli retta mot til dømes religiøse organisasjonar for å spora gåver. Dei som ikkje rettar seg etter «den russiske lova», risikerer høge bøter. 

TDI, ein sekulær organisasjon for demokrati og menneskerettar, fryktar for si eiga framtid. TDI får viktige tilskot frå EU. Det er naturleg sidan Georgia i desember i fjor fekk ja på søknaden om å bli kandidat til å bli medlem i EU. Absurd nok er kravet no at TDI på grunn av EU-tilskot må registrera seg som «utanlandsk agent».

Det nektar TDI og andre menneskerettsorganisasjonar å gjera. Alt handlar no om at opposisjonen må vinna. Framtida for TDI etter ein valsiger for regjeringspartiet Georgias Draum er svært usikker. TDI har ingen planar for tida etter valdagen. «Vi har», seier Gavtadze, «rekna med høge bøter, men kalkulerer med at regjeringa ikkje vil klara å likvidera organisasjonen før valet».

Mistar juridisk hjelp

Pastor Zaal har frykt på fleire plan. Dersom TDI blir stengt, vil kyrkja ikkje lenger ha hjelp i nye rettstvistar med makta.

Så veit pastor Zaal heller ikkje om kyrkja overlever. I ti år har Georgia hatt eit statleg kontor for religiøse spørsmål, underlagt statsministeren. Pastor Zaal nekta å registrera kyrkja der. Han er redd statens kontroll og meiner det hemmelege politiet styrer kontoret. Mengder av lekka dokument  dokumenterer statleg overvaking også av religiøse samfunn.

Pastoren har fått rettens medhald i at kyrkja kan vera uregistrert. Men dersom Georgias Draum vinn valet, må han vera budd på at det kjem ei religionslov som vil stoppa dette. Autoritære regime tek seg stor rett til å definera eit trussamfunn for å sikra seg sjølv kontroll, forklarar Mariam Gavtadze i TDI.

Sameba-katedralen ruvar i Tblisi, hovudstaden i Georgia.

På toppen kjem altså «den russiske lova».

Makta festar grepet

Regjeringa har varsla at den Europa-venlege presidenten skal stillast for riksrett. Det er, seier Gavtadze, berre å venta på fleire «hysteriske, antidemokratiske og vestlege handlingar».

Makta festar grepet i tospann med den ortodokse kyrkja, ein av dei sterkaste institusjonane i Georgia. Georgias Draum vil gjera ortodoks kristendom til statsreligion. Kyrkja vil heller byggja vidare på dagens avtale med staten.

Oligarken Bidzina Ivanishvili, den verkelege sjefen i regjeringspartiet, har sagt at den ortodokse kyrkja uansett skal framhevast endå sterkare i grunnlova som «statens fundament», dersom partiet får stort nok fleirtal.

Pastor Zaal fryktar følgjene av «propagandaen om at staten er i fare som følgje av religiøst mangfald og at ikkje-ortodokse ikkje vil bli rekna som truverdige borgarar».

Georgia har vore ein kristen nasjon sidan år 330. Landet kan enda som Russland: Ein autoritær stat og ei nasjonalreligiøs kyrkje som i fellesskap stemplar Vesten som farleg og knekkjer fridom for uavhengig sivilsamfunn.

Powered by Labrador CMS