DEBATT

Utdanning som integrering. Den fjerde bølgja.

DEBATT: Korleis går integreringa av innvandrarar i høgare utdanning?

Publisert

Norsk historie gjennom dei siste 150 åra er historia om integreringa av tre store samfunnsgrupper inn i høgare utdanning: Bygdeungdom, arbeidarungdom og kvinner.

To faktorar har vore avgjerande. Den eine faktoren er utviklinga av eit likeverdig og velutbygd utdanningstilbod, frå grunnskule og heilt til universitetsnivå. Helt konkret handlar dette om den stegvise utviklinga av ein felles grunnskule som gjev alle like utdanningsmoglegheiter, formalisert gjennom etableringa av felles niårig skule i 1960-åra. Det handlar om utvikling av eit vidaregåande tilbod med landsgymnas og fagskular frå 1800-talet, til den store utbygginga som gjorde vidaregåande allment tilgjengeleg i 1970- og 80-åra. Og det handlar om utvikling av ei breitt spekter av høgare yrkes- og profesjonsutdanningar over heile landet. Det siste går heilt tilbake frå etablering av lærarseminara tidleg på 1800-talet og helt fram til utbygging av distriktshøgskular og universitet heilt nord til Troms og Finnmark.

Den andre viktige faktoren har vore finansieringa av studentar og utdanningsinstitusjonar. Ungdom med finansiering frå Statens lånekasse for utdanning, har kunna søke seg til gratis studietilbod. Samtidig har dei høgare utdanningsinstitusjonane hatt ein kombinasjon av basisfinansiering (som gjev økonomisk tryggleik) og ei marknadseksponering som gjev sterke insentiv for å utvikle studietilbod og vere attraktive for studentar.

Denne kombinasjonen av universelle ordningar og god tilgang til høgare utdanning har slik lagt til rette for inntoget til distrikts- og arbeidarungdommen og kvinner på universitet og høgskular. Og når dei har toga ut igjen har dei fått plass i den arbeidsmarknaden dei vert utdanna til. Spissformulert: Det er i Norge, ikkje i USA, den felles kulturelle førestillinga kunne og burde være: Vi lever i eit samfunn som gjer det mogleg for einkvar å leve eit godt og suksessrikt liv, om ein berre evnar og er viljug til å legge ned den arbeidsinnsatsen som trengs.

Dette er sjølvsagt ikkje ei sanning utan modifikasjonar. Også landet vårt er prega av at sosial posisjon og status går i arv. Vi har framleis ein kjønnsdelt utdannings- og arbeidsmarknad. Og viktigast av alt, norsk skule- og utdanningshistorie er også den tragiske historia om fornorsking og marginalisering av samar, kvenar og andre minoritetar.

Det store biletet er likevel ei suksesshistorie. Og velfungerande ordningar har vorte til felles prinsipp. Lik tilgang til utdanning og sosial mobilitet er felles tankegods på tvers av heile det politiske spekteret, frå sosialistar og sosialdemokratar til liberale og konservative. Grunngjevingane, og korleis dei vil formulere og vekte dei, er varierande, men også overlappande:

Utdanning er eit velferdsgode som bør fordelast på ein rettvis og effektiv måte. Sosial mobilitet som rettvise handlar om at bakgrunnen eller kjenneteikna dine ikkje skal hindre deg: Det er evne og vilje som skal avgjere. Sosial mobilitet er god samfunnsøkonomi fordi det er dei mest eigna som får yrkesposisjonar, ikkje dei som får det gjennom vane eller arv. Der mobiliteten er låg er dei ubrukte talenta mange. Sosial mobilitet skapar positive spiralar: Når ei kvinne bryt glastaket, banar det veg for andre.

Og høg sosial mobilitet gjev politisk stabilitet: Når det er gjengs og velgrunna tru hos kvar einskild av oss at vi kan realisere våre livsprosjekt, så motverkar det politisk og sosial desintegrasjon. Og omvendt: Der utvegar er stengde, rår resignasjon eller raseri. Dei fleste land har sine Rustbelte.

Dei siste tiåra har vi stått ovanfor ei fjerde integreringsutfordring for høgare utdanning. Innvandrarar. Er og blir også det ei suksesshistorie?

Det første vi kan merke oss er at innvandrarar er statistisk overrepresentert i utdanningar som medisin, farmasi og juss. Dette er det vi gjerne kallar profesjonsutdanningar. Profesjonsutdanningar gir yrkesmonopol, det vil si at utdanninga garanterer for yrkesposisjonen. Dette avgrensar potensiell diskriminering i arbeidsmarknaden. Samtidig er dette det vi kan kalle eliteutdanningar, med høgt sannsyn for relativt høg status og inntekt.

Det andre vi kan merke oss er at innvandrarar er overrepresenterte i den andre delen av utdanningssystemet. Blant dei barn og unge som lever sine liv i ytterkanten av og til dels utanfor utdanningssystemet, og etter kvart utanfor arbeidslivet. Så er den for denne gruppa som for befolkninga generelt: Marginalisering og utanforskap heng saman med økonomiske levekår, familieforhold og nærmiljø.

Kva so med representasjonen i mellomsjiktet i utdannings- og yrkeshierarkiet, som i dei kortare yrkes- og profesjonsutdanningane?

Analysar vi har gjort ved OsloMet viser at vi og mange andre høgare utdanningsinstitusjonar langt på veg er integreringsmaskiner. Ser ein på rekrutteringa til dei økonomisk-administrative faga våre har litt over 1/3 minoritetsbakgrunn, og her er omlag 50-50 menn og kvinner. Andelen med minoritetsbakgrunn er høgst i bachelorutdanningar for farmasi/reseptar og bioingeniør og ingeniørutdanning. Felles for desse er at «språket» er overvegande matematisk og naturvitskapleg og dermed universelt. For sentrale utdanningar som sosionom, barnevern og sjukepleie er andelen med minoritetsbakgrunn om lag 15-20 prosent. Men her er også kjønnsfordelinga svært ujamn, med under 20 prosent menn. Går ein vidare til lærarutdanningane er minoritetsandelen under 10 prosent.

Uheldig variasjon? Kva so?

Det overordna biletet er at altså at høgare utdanning langt på veg fungerer som ei integreringsmaskin også for innvandrarar. Hovudforklaringane er dei same som gjaldt for bygdeungdom, arbeidarungdom og kvinner: kombinasjonen av (relativt) god studiefinansiering og eit godt utdanningstilbod frå universitet og høgskular som rekrutterer studentar etter det dei har oppnådd (karakterar), ikkje etter kva dei kan betale.

Samstundes er det store variasjonar mellom utdanningane. Bør vi bry oss om det? Sett frå eit mobilitetsperspektiv: Neppe. Då er det viktige at den einskilde får realisert sine ønskjer. Og når vi har høg innvandrarandel på studium med relativt høge opptakskrav, til dømes økonomisk-administrative utdanningar, fungerer utdanning som den arenaen for sosial mobilitet vi ønskjer han skal vere. Om det då er slik at minoritetsungdom i endå større grad enn majoritetsungdom vender læraryrket ryggen, er ikkje det eit problem for desse ungdomane.

Dersom vi ser dette i eit breiare samfunnsperspektiv, ser saka litt annleis ut. Vi ønskjer oss fleire flinke og motiverte ungdomar til lærarutdanningane fordi vi treng dei der. Det hadde vore bra med ein høgre andel med minoritetsbakgrunn, både fordi vi ville fått fleire gode søkarar og fordi det er grunn til å tru at eit større mangfald i lærarkorpset vil kome elevane til gode. Det kunne difor vere god samfunnsøkonomi om vi fekk fleire av dei ungdomane som i dag søker seg til økonomisk-administrative fag til heller å søke seg til læraryrket.

Representasjon og representativitet er også viktig i utdanninga til mange av dei andre yrkene der stat og kommune møter innbyggjarane, som barnevern, sosionom og helsesjukepleiarar. Vi har grunn til å tru at helse- og omsorgstilbodet opplevast annleis om slike yrke speglar befolkninga i byen, og vi kan anta at kvaliteten vert dårlegare når erfaringsgrunnlaget til dei tilsette er innsnevra. I tillegg til kvalitet kjem kvantitet, som perspektivmeldingar av ulike slag minner oss på. Vi treng fleire hender og hovud, og vi har rekrutterings- og turnoverutfordringar i mange sentrale yrke, ikkje minst i velferdsstatsyrka.

Dette tilseier at vi bør vere opptekne av rekrutteringstilfanget og -mangfaldet til slike utdanningar. Og setje rekrutteringsarbeidet til slike yrke i samanheng med levekårsutfordringane til barn og unge dei har ansvar for. Problemstillinga er sjølvsagt mest påtrengande for oss som arbeider ved og har leiaransvar ved høgare utdanningsinstitusjonar. Samstundes kan og bør dette utviklast som eit eige satsingsområde, som samarbeid mellom universitet, kommunar og andre arbeidsgjevarar, ikkje minst i dei større byområda våre, ikkje minst i Oslo. Då kan ein også sjå rekrutteringsbehova til arbeidsliv og utdanning i endå klarare samanheng.

Så må slike satsingar vere evidens- og forskingsbaserte, og evne å skilje mellom tiltak som verkar og det som berre er blendverk. Det er med mangfald som med andre politikk-område som sirklar kring honnør-ord: Det er ein viss risiko for at dei får avgrensa effekt utover sysselsetting av dei som driv med tiltaka.

Men institusjonsbygging er meir enn det som veks ut av den dokumenterte fornuft. Dei institusjonelle ordningane Norge har vore prega av, som har medverka til dei fire suksesshistoriene, er menneskeskapte, dei er slipte gjennom politisk samarbeid og strid. No er tida inne for breie koalisjonar, politisk og organisatorisk, for å redusere den fjerde store integrasjonsutfordringa.

Powered by Labrador CMS