Noreg kan vere eit skithòl, men var aldri eit dritland

Eg vil heller ha skitsnakk enn dårleg historieforteljing.

Publisert Sist oppdatert

Donald Trumps omgrep «shithole countries» har blitt omsett til «drittland» i norske medium. Dette syner at det riksmålsnære bokmålet som vi alle stort sett nyttar, til skilnad frå den rike norske dialektfloraen, lett kan kome til kort når det gjeld ein nyanserik omtale av dei mange ekskrementa vi menneske er legg frå oss, både i bokstaveleg og overført tyding.

På mitt nordafjelske tungemål høyrest eit skjett- eller skit-håll av eit land ut som ein gangbar måte å uttrykkje seg på (ikkje i Det i det kvite huset, då). Ein kan for så vidt skrive skithol på radikalt bokmål, men då ser det ut som det skal uttalast med vanleg o-lyd. Difor kjenst det mest naturleg å skrive denne kommentaren på nynorsk.

Medan Trump nektar for at han har omtala diverse afrikanske og mellomamerikanske land som skithòl, hevdar nokre republikanske senatorar at han eigentleg kalla dei for «shithouse countries». Eit skithus må vere det vi på norsk kallar ein utedass, og kan vanskeleg vere noko betre enn eit skithòl som anten er å forstå heilt bokstaveleg, er ei ræv eller ei nemning på ein gudsforlaten stad, nett som på engelsk.

For å lese denne saken må du være abonnent

Et abonnement gir tilgang til alt innhold og vi har følgende tilbud

Minervas digitale årsabonnement til kr 999,-

Bestill her

Minervas digitale månedsabonnement til kr 119,- pr mnd,
første to uker kr 1,-

Bestill her

Minervas digitale årsabonnement + tidsskrift til kr 1499,-

Bestill her

Powered by Labrador CMS