DEBATT

Religionsfagets legitimitet i framtidsskolen

DEBATT: Religionsfaget er eit eksistensielt sanningssøkande fag som stiller grunnleggande spørsmål om verdsbilde, menneskesyn og etikk. Det kan ikkje reduserast til eit samfunnsfag.

Publisert

Stortingsmelding 21 er kalla Fullføringsreformen – med åpne dører til verden og fremtiden. Dette er ein flott tittel – kanskje nokon har hatt Olav H. Hauges dikt Det er den draumen i øyret:

Det er den draumen me ber på
at noko vedunderleg skal skje,
at det må skje –
at tidi skal opna seg,
at hjarta skal opna seg,
at dører skal opna seg,
at berget skal opna seg,
at kjeldor skal springa –
at draumen skal opna seg,
at me ei morgonstund skal glida inn
på ein våg me ikkje har visst um.

I Opplæringslovas formålsparagraf – som er kalla skolens grunnlov – møter vi ein liknande overordna visjon:

Opplæringa skal byggje på grunnleggjande verdiar i kristen og humanistisk arv og tradisjon, slik som respekt for menneskeverdet og naturen, på åndsfridom, nestekjærleik, tilgjeving, likeverd og solidaritet, verdiar som òg kjem til uttrykk i ulike religionar og livssyn og som er forankra i menneskerettane (§1-1).

Når ein no vil fjerne eller krympe religion og etikk som fellesfag i vidaregåande opplæring, er det grunn til å spørje: Kva dører vil ein opne? Kva framtid vil ein skape? Kva skole vil ein ha? Kva fag skal gi elevane rasjonell, metodebasert djupnelæring i «respekt for menneskeverdet og naturen» om ein fjernar religionsfaget med sine tilhøyrande disiplinar filosofi, etikk, religions- og livssynskunnskap? Kva andre fag skal – på vitskapsfilosofiske premissar – kunne undervise elevane om eksistensielle spørsmål og samanhengen mellom verdsbilde, menneskesyn og etikk? I fagfornyingas læreplan (som gjeld frå 01.08.2022) er religionsfaget definert som «et sentralt fag for å forstå seg selv, andre og verden rundt seg». Det skal også gi etisk kompetanse, dvs. «rammer for å undersøke og klargjøre hva som er godt og rett for individ og samfunn i dag og i framtiden».

Den foreslåtte fjerninga av religion og etikk i vidaregåande skole er ikkje noko mindre enn ei svekking av – kanskje også brot på – opplæringslovas §1-1. Og spørsmålet er kva ein vil erstatte vår «kristne og humanistiske arv» med? Er det naturalisme, transhumanisme, postmodernisme ...? I så fall bryt dette med skolens verdigrunnlag.

Barnet og badevatnet – fag eller fragment?

Å velje fragmentert delkompetanse framfor fag, er på godt norsk å kaste barnet ut med badevatnet. Etter stortingsmeldinga å dømme, er det nettopp det ein her vil gjere: fjerne faget når studiekompetansen er mangelfull. I staden for å sjå på metode og arbeidsmåtar i og mellom fag, kuttar ein breidda i elevanes allmenndanning. Ein kvittar seg med religion og etikk, historie, samfunnsfag, naturfag og geografi… Vi kan derimot snu på flisa, og spørje om elevane blir «best mulig studieforberedt» av ikkje å ha religion og etikk; om dette dekker «elevenes og arbeidslivets behov»?

Når stortingsmeldinga identifiserer «livskompetanse» som «kompetanse[…] som er verdsatt i arbeids- og samfunnslivet», legg denne definisjonen seg tett opp til læreplanmåla i religionsfaget, og spørsmålet er: Kva fag erstattar kompetansen religion og etikk gir? Når ein no har skrota det mykje omtalte «framtidsfaget», er senarioet at vi like fullt kan få eit frankensteinsk hybridfag som matchar «samfunnsutviklingen»: «Det er også mulig å se for seg helt nye fag eller fagsammensetninger som reflekterer samfunnsutviklingen og endrede kompetansebehov». Dette høyrest klokt ut i naturvitskapane, der verkelegheita er gitt. I humaniora kan det derimot bli ein kamp om narrativ: Kven skal definere «samfunnsutviklinga» når tidsånda er noko vi sjølv skaper? Faren er at visse ideologisk eller politisk begrunna tema og perspektiv blir prioritert på vitskapsfagets bekostning. Her synest forresten stortingsmeldinga å vere i strid med seg sjølv: «Felles for de fleste ferdighetene som beskrives, er at de læres gjennom fag, men ikke er knyttet til et fag alene». Tverrfaglege perspektiv er vel å merke noko heilt anna enn «samfunnsutviklingens» fragmenterte hybridfag.

Religionsfagets legitimitet

Når stortingsmeldinga vil «åpne dører til verden og fremtiden», kjem det altså an på premissane for innhaldet i skolen. Ein vil ha «kritisk tenkning», men på kva grunnlag? At verken kunnskapsinnhald, perspektiv eller metode blir definert, gjer det heile svært diffust. Her bør ein heller orientere seg mot overordna læreplan, som fokuserer på kunnskap og metode:

Kritisk og vitenskapelig tenkning innebærer å bruke fornuften på en undersøkende og systematisk måte i møte med konkrete praktiske utfordringer, fenomener, ytringer og kunnskapsformer. Opplæringen skal skape en forståelse av at metodene for å undersøke virkeligheten må tilpasses det vi ønsker å studere, og at valg av metode påvirker det vi ser.

Dette perspektivet kan appliserast på alle fag – om dei er «små» eller «store», og vi får djupnelæring også i eit tretimarsfag som religion og etikk. Stortingsmeldinga definerer fellesfag som «fag som utstyrer elevene med nødvendige ferdigheter for å tilegne seg annen kompetanse, samtidig som fagene i seg selv representerer en fagkompetanse som er sentral for alle mennesker i studier og arbeidsliv», og dette er ein god definisjon også av faget religion og etikk: Det gjer elevane bevisst på epistemologi og ontologi, og har tverrfagleg verdi som reiskapsfag for andre fag. Dette har også Liedutvalget sett: «I gjennomgangen av fellesfagene bør det vurderes om alle elevene [også i yrkesfaglege utdanningsprogram] bør ha fag som historie og religion og etikk».

Spørsmålet er om skolen skal ha rom for eit rasjonelt, vitskapleg livstolkingsfag. I Grunnlovas §100 er sanningssøking ei primær grunngiving for ytringsfridom, og i vår kultur representerer dette også eit felles intellektuelt prinsipp: eit rasjonelt topos forankra i vår kristne og humanistiske arv og tradisjon. Kort sagt er religionsfagets legitimitet at det er sanningssøkande. Kva er verkeleg, spør vi her – i eit trygt klasserom der både lærar og elev må bøye seg for det beste argumentet. Med naturens orden og mysterium for auge kan vi dessutan erfare at «draumen» opnar seg: «at me ei morgonstund» kan «glida inn/ på ein våg me ikkje har visst um». I vår samanheng er vi uansett forplikta på skolens formålsparagraf.

Powered by Labrador CMS